Onsdag kveld var det igjen duka for sommar-fotball, sjølv om vèret bar meir preg av tidleg haust. 8 born møtte opp og hadde ei bra treningsøkt.
Vi fekk besøk av 2 danske gutar frå Esbjerg som er på fiske-ferie på Mogstad i Surnadal. Dei hadde sett på www.todalen.no at det var sommar-fotball i Todalen og tok ein liten pause frå jakta på storlaksen i Surna og kom for å spele fotball.
Artig å sjå at folk som er her på ferie nyttar www.todalen.no til å halde seg orientert om kva som hender når dei er her på ferie!

Andreas og Nikolaj frå Esbjerg i Danmark tok turen frå Mogstad i Surnadal for å spela fotball. Foto: Bjørn G A
Det vart ei bra økt med til tider høg innsats. Vi satsar på at det kjem minst like mange neste onsdag kl. 17:30 – 18:30. Elles minner vi om friidrett i morgon kl. 17:30 – 18:30. Ta med eiga frukt, då vi på grunn av koronasituasjonen ikkje kan dele ut dette.
Møt opp!