Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sølv til Isak: Imponerande VM-resultat frå Montenegro

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2024

Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb imponerte stort da han kom inn på 2.-plass i dagens vertikal i Bar i Montenegro.  Isak starta i klasse B  (16-17 år), der det var 34 deltakarar frå heile verda. 

Sterk 9-plass i ein krevjande klasse (U23) for Erik Kårvatn. Foto: @kaarvatn

Erik Kårvatn deltok i klassen U23 (21-23 år).  Han gjorde også eit knallgodt løp, og hamna til slutt på 9.-plass.  I klassen U23 var det 44 deltakarar, og dette er ein stor og sterk klasse så Erik er godt nøgd med resultatet. 

Neste løp i junior-VM i Montenegro går søndag 30. juni, og det skal bli spennande å sjå kva som skjer da.  Vi gratulerer iallfall med godt resultat i dag.

 

Publisert: 28. juni 2024, 11:12