Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sollid Skog – rundt 2000 m3 gran i ein fei….

Jon Olav Ørsal Måndag 17. oktober 2016

Sollid Skog er i aksjon med granhogging – i løpet av eit par-tre veker skal dei hogge rundt 2000 m3 gran hos 3 forskjellige oppdragsgjevarar i Todalen.  Dette er gran som vart planta for rundt 60 år sia, – som no er i ferd med å bli hogstmoden og klar for å bli avispapir og bygningsmaterialar.

skogsdrift2_5685

Rundt 2000 m3 med gran skal takast ut i Todalen no i haust. Dette er gran som vart planta for rundt 60 år sia. Foto: Jon Olav Ørsal

Før helga vart det hogge rundt 600 m3 på hjellane mellom Ungdomshuset og Grasdalen – her var  Lars Olav Elshaug i full aktivitet med lastbærar for utkjøring av tømmer i dag. Feltet som her er rydda går frå skogsvegen og ned til kanalen som går innover frå Meieriet.

I Skogen ovafor Sentralen var Martin Sollid i gang med hogstmaskina. Her er det Håvard Halset som er oppdragsgjevar, og her er det mellom 700 og 1000 m3 som skal takast ut i 4 forskjellige småfelt.  Og til slutt er det eit felt på Flathauan som skal til pers. Her er det rundt 500 m3 gran på hogstplana, og her er det Olav Halle i Austistua som er oppdragsgjevar.

skogsdrift5_5686

Tømmeret var køyrt opp til lunningsplassen med lastebærar. Foto: Jon Olav Ørsal

skogsdrift1_5635

Lastbæraren samlar i hop tømmeret i hogstfeltet og køyrte det til lunningsplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

skogsdrift4_5650

Martin Sollid i gang med hogstmaskina i skogen ovafor Sentralen – her var det fort gjort å felle, kviste og kappe tømmeret – klart for utkjøring. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 17. oktober 2016, 18:24