Trollheimen Fjellsportklubb er ein nyetablert klubb med fjellsport, og spesielt randonee som fokusområde. I helga hadde klubben si første runde med deltaking i konkurranse, da fleire av medlemane tok turen til Funäsdalen i Sverige for å delta i renn der. Rennet i Funäsdalen er det desidert største randoarrangementet i Sverige og denne gongen var det 62 deltakarar. Klubbens medlemar gjorde imidlertid ein fin innsats på sin sverigetur.
-Dette var klubbens offisielt første deltaking i et randorenn. Erik Kårvatn vart nr 5 og beste normann, Robert Sørlie nr 8 og Halvor Drøpping nr 13. Edvard S. Solli fra Torvikbukt nr. 11. Her bør fleire norske delta neste år. Det var eit skikkeleg bra arrangement og ei herleg tøff løype, skriv Robert Sørlie på klubbens Facebookside.