AD UNDAS leverte ein flott konsert i Svinviks arboret fredag kveld, og det var ingen tvil om at dei trefte publikum heime med programmet, som var bunde saman av små forteljingar om folk og levd liv. – Det vart ei magisk og annleis oppleving som passa godt, og som publikum tok vel i mot.
Ingen tvil om at dei tre er dyktige songarar, og hadde faktisk evnen til å overraske innimellom, og fekk raust med applaus for det. Dagens konsert i arboretet er 5. konserten på fem dagar. Trioen avsluttar miniturneen laurdag med konsert på Austrått på Fosen.
Arboretet hadde budd seg på at det skulle bli regn, og hadde plass under tak både for publikum og artistar. Nokre regnbyger svippa da innom konsertarenaen innimellom, men det var først etter konserten at slusene opna.
Trioen i AD UNDAS består av Marte Fillan, frå Trondheim, Margrete Wilhelmsen, frå Mandal og Sunniva Fossly frå Hallingdal.