I går var Nils Erik Jakobsson Gjeldnes i aksjon under NAF sin landskonkurranse «Trygg på sykkel» i Letohallen på Dal. I gutteklassen var dei 21 deltakarar, og Nils Erik endte til slutt på ein solid 4. plass.

Konsentrasjonen må vere på topp for å bli best. I konkurransen måtte dei gjennomføre teoriprøve, og sykle gjennom to ulike løyper.
Dei to beste gutane og jentene dannar no eit eit landslag og gjekk i år vidare til europafinalen i Sveits. Totalt var det 43 deltakarar i begge klassene.

For at det skal være likt for alle så er det ingen som får bruke eigen sykkel.
Alle foto:Per Åke Jakobsson.