Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Solfest på Todalen oppvekstsenter

Solfest på Todalen oppvekstsenter

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. februar 2010

Frå Dordi Jorunn Halle på Todalen oppvekstsenter har vit fått fleire bilete frå solfesta som dei arrangerte sist fredag. Ho skriv:
«Fredag 5.februar var det duka for solfest ved Todalen oppvekstsenter – sola kom fram att etter tre månader bak fjella – det må feirast!
Vi song «solsongar», og det var servering av solbollar og appelsin, og pjalt som er «samiske kaffebrød». Det smaka utruleg godt! For vi markerte også Samefolkets Dag, og emna i år var samiske klede og samisk musikk. Høgdepunket var gjensyn og gjenhør med Grand Prix-låten «Sami Ednan».
Det er mykje arbeid å arrangere «fest», så alle må hjelpe til med baking, servering og rydding – altså «den som god krok skal bli, må tidleg krøkast»!»
Og her kje bileta

Publisert: 6. februar 2010, 23:22