Torsdag 22. desember kl 06.30 er det vintersolverv. Vintersolverv kjem den dagen sola står lågast på himmelen. Klokkeslettet for dette varierer litt frå år til år, og vintersolverv kan derfor være både 21. og 22 desember, men i kalenderen er dagen av praktiske grunnar sett til 21. desember.
Vintersolverv som er 21. eller 22. desember har sin motsats i sommerrsolverv, som enten er 20. eller 21. juni. Det er mange gamle tradisjonar og folketro knytta til vintersolverv, men først og fremst tenkjer vi vel på at det no går mot lysare dagar. Når vi får gjort unna jula og når tak i januar, tek det ikkje lang tid før vi vil merke at dagane blir lenger og sola «kjem att»