Vi går no inn i siste uka i januar, og kan glede oss over at sola er på veg tilbake. I Todalen er det nok i første omgang i Sissigrenda og på Kvennsetørå at vi hittil har kunna nytt dei første solstrålane, men neste veke vil nok både Smålandsgrenda og Husbygrenda få føling med sola igjen. Og resten av bygda følgjer nok etter kvart….
Det tek nok enno ein stor månad før Brusetmarka blir velsingna med sol. Der vil nok bratte lier med høg horisont stenge sola ute til vi når mars måned. Men det er nok ei stund til vi kan finne fram hagemøblane enno, vi må nok rekne med å skrive mai månad før vi begynner å få skikkeleg varme frå sola.
Vêrmeldinga på YR.NO byr på søraustleg vindretning heile 10-dagersvarslet og det er ingen nedbør i sikte så langt vi kan sjå på langtidsvarseklet. Når det gjeld temperaturen i langtidsvarselet, så kan vi vente litt kaldare vêr dei neste dagane, med temperatur ned mot -7 grader.