Laurdag 29. august er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av koronapandemien er det begrensa plass i kyrkja. Dette inneber at det berre er konfirmantane med innbedne gjester som kan delta i gudstensta.
I Todalen er det tradisjon for at konfirmasjonsgudstenesta er open for alle, men slik er det altså ikkje i år; det er plass berre for inviterte.
UTEGUDSTENESTE
Søndag 30. august er gudstenesta lagt til Svinviks arboret. Gudstenesta startar kl. 12:00 (Feil tidspunkt er annonser i Driva!) , sokneprest Kristin Strand er liturg. Kor leia av Bernt Bøe vil delta.
Leiaren i soknerådet, Kristian Gjeldnes, oppfordrar folk til å ta med niste og kaffi til «kyrkjekaffe» etter gudstenesta. Her er det og fint turområde; ein kan ta ein tur oppover Gammelvegen, kanskje opp til Hjellnes eller ein tur langs sjøen rundt om Kammane.
Blir det dårleg ver, blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje.
Alle er velkomne til gudsteneste!