Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søknadar og priskandidatar

Elinor Bolme Fredag 1. april 2016

Kultureininga i Surnadal kommune deler årleg ut både tilskudd og prisar. I den anledning har vi fått ei lita påminning om kva ulike lag og organinsasjonar kan søkje på. Og ikkje minst, komme med forslag på årets Kleivaprisvinnar.

Søknadsfrist er 15. april for:

  • lag og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar, oppstartingstilskot og utbetring av ball- og leikeplassar.
  • leige av gymsalar, hall og svømmehall for det komande skuleåret.

Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema til desse ordningane. Retningsliner og søknadsskjema finn du her: SØKNAD OM TILSKOT

  • Kleivafondet (til kulturelle og lokalhistoriske prosjekt; ikkje driftstiltak). Ikkje eige søknadsskjema, send inn omtale og budsjett til Surnadal kommune innan 15/4
  • Kleivaprisen: send inn framlegg på kandidatar, med grunngjeving, som gjer ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis (frist 15/4)

Søknadene kan leverast på kommunehuset, sendast som post (Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal) eller sendast som e-post til kommunen (post@surnadal.kommune.no).

Desse har motteke Kleivaprisen tidlegare: Henning Sommerro, Styrkår Brørs, John Røen, Jørgen Gravvold, Bernt Bøe, Famntak, Alf Ramsøy, Paula Ranes, Ola Brøske, Eistein Bæverfjord, Kirsti Skei og Holger Skei, Svein Sæter, Trond Larsen, Dordi Skuggevik Tande, Sverre Hatle, Randi Lysø, Svanhild Husby og Fredrik Sjøflot.

Publisert: 1. april 2016, 22:02