Surnadal kommune lyser no ut rektorstillinga ved Todalen Oppvekstsenter for andre gong. Stillinga er 100% fast med 20% administrativ del og 80% undervisningsdel. Tiltredning frå 1.8.2014. Administrasjonen i Surnadal kommune ser ikkje anna rå enn å lyse ut stillinga for andre gong, ettersom den eine søkjaren frå første runde ikkje hadde tilstrekkjelege kvalifikasjonar, fortel kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik ved kommunen.
Etter at Dordi Jorunn Halle gjekk av med pensjon frå 31.12.13, har det vore Laila Buskenes Aune som har hatt stillinga som fungerande rektor.
Les heile utlysningsteksta på Surnadal kommune si heimeside