Aktuelle arbeidsplassar:
Følgande verksemder er med og deltar i finansieringa og er dermed aktuelle arbeidsplassar:
Surnadal IL, Surnadal Sparebank, ALTI Forvalning AS, Consto Midt-Norge AS, Surnadal kommune.
Tilsettingsvilkår:
Tilsettings- , lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk. Krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, for arbeid innan pleie- og omsorgstenestene.
Korleis søke:
Søknaden sendast som ein vanleg epost til: indre.nordmore@n-lt.no , NLT Indre Nordmøre.
I søknaden må det stå namn, adresse, epostadresse, personnr og telefonnr. Ein må også skrive bankkontonummeret sitt der lønna skal utbetalast. Eposten skrivast som ein vanleg søknad, og det er viktig at du skriv i søknaden kva for arbeidsoppgåver og arbeidsplass du helst kan tenkje deg, men vi kan ikkje garantere at du får ønsket ditt oppfylt.
Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide, må du hugse å skrive det i søknaden din. Dei som kan søke må vere fødd i 2004 med bustadadresse i Surnadal.
Søknadsfrist: 31.mai kl.23.59