Bolystprosjektet i Surnadal og Sunndal kommune inviterer lag og organisasjonar til å delta i arbeidet med å gjere kommunane til ein god stad å busette seg i. Frivilligheita er limet i bygdene våre og ein god sosial arena til å gjere seg kjent, delta i aktivitet, få vener og nettverk, skriv dei på si heimeside.
Surnadal kommune oppfordrar no lag og organisasjonar til å delta i dette arbeidet, og har tilrettelagt ei ordning der ein kan søkje midlar til aktivitet som er retta inn mot vertskap, inkludering og rekruttering.
Gjennom å gjere eigen aktivitet meir tilgjengeleg for nyinnflyttarar kan ein og få inn nye ildsjeler som kan bidra i organisasjonane vidare.
Lag og organisasjonar kan søkje om inntil 15.000,- på tiltak. Dette treng ikkje vere ny aktivitet, men kan og gå på å tilrettelegge aktivitet for nye grupper, informasjonsarbeid, heimesider, transport osb. Målet er å skape trivelege treffstader for nytilflytta og andre som har bodd her lenger.
Les meir på Surnadal kommune si heimeside.