Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Snørtinn» kyrkjegard etter dugnadskvelden

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2024

Godt over tretti deltakarar på dugnaden på Todalen kyrkjegard torsdag kveld.  Folk kosa seg med dugnadsarbeidet denne flotte vårkvelden, der gradstokken viste rundt 20 varmegrader. Od det vart da ein snørtinn og fin kyrkjegard som vi kan være stolte av å vise fram.

Rakargjeng som rydda både utafor og innafor porten. Foto Jon Olav Ørsal

Det vart raka og pussa rundt omkring både utafor og innafor kyrkjemurane og det vart jobba med å rette opp gravminner som telen hadde herja med.  Det vart også fylt opp med jord og sådd gras i groper og hol rundt omkring på kyrkjegarden.  Det blir effektivt med dugnad med så godt oppmøte, og dermed var arbeidet fort unnagjort.  

Retta opp gravminner som telen hadde herja med. Frå venstre Magne Søyset, Terje Nordvik og Einar Husby. Jon Olav Ørsal

Og etterpå var det sjølvsagt dugnadskaffe og litt tid for å være sosiale, for her kunne du treffe både naboen og gamle kjente som du ikkje pratar med så ofte.  

Velfortjent dugnadskaffe med avslapping på kyrkjegardsmuren. Foto Jon Olav Ørsal

Klare for å så i områder på kyrkjegarden som er jamna ut. Ola Bruset og kyrkjegardstenar Oddvar Væge. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. mai 2024, 19:53