Laurdag samla Surnadal golfklubb 43 spelarar i forbindelse med Snorre Larsens minneturnering. Snorre var ein ivrig golfar, og var med og rekkruterte fleire yngre spelarar til golfklubben før han brått gjekk bort i fjor haust.
Helgas turnering var ei lagturnering med fortrinnsvis tre spelarar på kvart lag, med scramble som speleform. Dette betyr at spelarane spela på lagets beste ball heilt til ballen var på plass i holet.

Det einaste laget med fire spelarar vart vinnarar med eit poengs leiing; Ola Øyen Saltrø, Håkon Sæther, Vegard Bredesen og Rune Nikolaisen.
Les meir om turneringa med både resultat og fleire bilder på Surnadal golfklubb si heimeside.