I kveld var det offisiell opning av nynorskkroken på Todalen bibliotek. Her hadde 5. klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter fått frie tøyler til å dekorere ei avdeling som skulle innehalde kun nynorskbøker. Og det hadde dei gjort svært så fint, med ei fargerik regnbue kring den eine døra. Symbolikken i utforminga var at bøkene skulle bli kasta til den ivrige lesaren i godstolen gjennom regnbogen.
Dei oppmøtte 5. klassingane klippte høgtidleg over snora og mana til lesing i lange banar. FAU stilte med kaffe, saft og smakande skuffkaker til alle saman, medan Britt viste fram filmane «Flekkmonsteret og harefella» og «Jakob og Neikob». Ho hadde også laga quiz om Torbjørn Egner i anledning 100-årsjubileet hans. Vinnarane der vart Maren Mikkelsen Karlsen, Ingebrigt Bergli og Oda Kårvatn/Emma Sæther.
Ein eigen teiknekrok som var laga for anleninga.
Bibliotekarane Britt Mossing og Karen Johanne Talgø ekspederte utlånsbøker til dei som ville låne med seg bøker heim. Biblioteket er ope torsdagar frå 18-20 framover. Dei følgjer skuleruta.