Torsdag kveld var Svein Håvard og Karoline Brøndbo ute på snorkeltur nedover Toåa. Dei hadde dykkardrakt og snorkelutstyr, og kosa seg med å kike etter laks og aure, samtidig som dei plukka slukar som er slite bort i kontakt med steinar og røter.
Da vi traff dei to var dei akkurat starta «jakta» frå gapahuken ved Gunnøya, og skulle jobbe seg nedover elva til Halsabrua iallfall, før dei avslutta. Dei skrytte av at det var god temperatur på vatnet i elva no, og det tyder vel på at snøsmeltinga i fjella er så godt som ferdig.
Da vi snakka med Svein Håvard hadde han akkurat funne den første sluken, men det blir vel fleire. Han var ute ein kveld i veka som gjekk, og da vart det mange slukar på turen nedover elva.