Ein kan vel rekne med at det er dei siste krampetrekningane frå vinteren vi opplever no om dagen. Det er nok litt forskjell på snømengden – minst nærast sjøen og mest når du kjem oppi høgda og eit stykkje frå sjøen. Det er slett ingen drømmejobb å brøyte på slikt føre.
På Dalavegen på tur oppover til Kårvatn trefte vi Carsten Bohle som var ute på brøyterunde, og han kunne berette at det var 25-30 cm på Kårvatn frå i går til idag. Bohle er brøytevikar til Kårvatn denne helga, og no håpar han at det er sesongslutt for brøyteplogen. Det er Gudmund Kårvatn som brøyter Dalavegen til vanleg, men i går gikk det på skeis med framakselen på brøytetraktoren, slik at den står og ventar på verkstedopphald etter helga. Gudmund fortel at brøyting på vårvegar som nærast har gått i oppløysing rønner sterkt på utstyret, og dermed måtte vi leie inn tenester frå Todalen Mjølk for å kome i mål denne helga.