Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.
![Sæterlia_FraØye_6134](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/01/Sæterlia_FraØye_6134.jpg)
Slik såg Sæterlia ut frå Øyabrua søndag ettermiddag – det går ikkje fort med alle monner drar! foto: Jon Olav Ørsal
Men med eit par bilder kan vi i allfall dokumentere at det arbeides med saka, – så får vi sjå om vêrgudane kan være med og bidra til eit topplag med naturleg snø etter kvart?