Dagens Kløvertur starta i godt ver, litt opplyst og mestå glimt av blå himmel. Men i Todalen er nok veret like skiftande som det var i Granåsen i helga, altså «trønderver»! Det gjekk ikkje lange tida før snøen lava ned, men heldigvis hadde turfølget vit til «å snu i tide»!

Det vart Kløvertur etter allmannvegen for dei fleste, frå Kvennset og opp til Heggeskaret. Frå venstre Kari, Sigrun, Helen, Marit og Dordi. Foto: Dordi J H
Veret kom ikkje overraskande, da det vart akkurat slik som YR hadde meldt, men det er lov å håpe på ein dag med opphaldsver! Men det vart triveleg tur lell, ein «skravletur» – det er kjekt å treffast, og det blir både frisk luft og trim.
Etter turen var det godt med kaffe og varme i «Kaffekroken» på bua.
Neste måndag blir det ny Kløvertur.
Fleire bilete: