Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snøkanon: Endeleg vart det snøproduksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2014

Dei minste har nok venta på snøen no, men vêrgudane har halde igjen, – og tykkjer nok det er litt tidleg enno. Da gjeld det å ta saka i egne hengder og lage snø, slik som «snømakarane» Knut Bergli og Finn Ranes har gjort. Laurdag vart det endeleg kuldegrader nok til å prøvekjøre den nye snøkanonen, – og produsere den første snøen. Snøkanonen er eit samarbeidsprosjekt mellom FAU, Todalen Idrettslag og Todalen oppvekstsenter.

Johan_Ingebrigt_marie_0938

Ingebrigt, Johan og maria kosa seg i den første kunstsnøen under prøvekjøringa på Sandstad-plena. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nok ikkje berre smårollingane som har venta på kulda, for Knut og Finn har lese bruksanvisninga grundig mange gonger og har nok vore hyppige gjestar på yr.no i den lange ventetida. Men endeleg vart 5-6 kuldegrader på morgonkvisten laurdag, og da var dei klare til å trykke på startknappen – og dermed var nysnøproduksjonen på gang på kunstig vis.

Og gleda var ikkje mindre hos Maria, Ingebrigt og Johan som var kjapt ute for å prøve den nye snøen – og det var sjølvsagt stor stas. Maria var snar til å finne fram skiene i uthuset, slik at ho fekk prøve det nye skiføret.

Snøkanon_Knut_Finn_0948

Maskinistane har også funne fram skiene. Dei har nok venta lenge på kuldegradene dei og, slik at dei kunne få prøvekjørt utstyret. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt er dette eit samarbeidsprosjekt, og den nye snøkanonen er ei nyinvestering på rundt 10.000 kroner.  Det som trengs av utstyr er sjølve snøkanonen, ein liten kompressor og ein høgtrykkspyler til å produsere trykk på både lufta og vatnet som går gjennom dysene på snøkanonen. Så no er det berre å håpe at det blir kuldegrader i dagane som kjem, så blir det snøproduksjon.

Snøkanonen er tiltenkt bruk der det er behov for snø – både i skulen, barnehagen, Bordholmen og kanskje andre plassar, fortel Knut og Finn. I skulen og barnehagen vil de betre leiketilhøva med å fylle på med litt nysnø når det er behov.  det er også kjekt med litt snø når isbanen på Bordholmen skal etablerast. Så får dei sjå litt etter kvart, kvar behovet er størst.  No er det berre kuldegrader som trengs i første omgang!

Snøkanon_0925

Her er det prøveproduksjon på plena på Sandstad. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. november 2014, 12:40