Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snodig skjerm vart logisk til slutt

Snodig skjerm vart logisk til slutt

Elinor Bolme Onsdag 13. juli 2011

Måndag kveld kom fotballgruppa si nyinnvestering på Bordholmen. Bjørn Hauglann hadde vore på handel, og Knut Jarle Bergli vart den heldige montør. Undervegs i monteringa fekk han mange nyssgjerige blikk frå nokre trimmarar som held til på volleyballbanen. Dei hadde problem med å sjå kva i all verda det var han sette opp. Både dragar, vasski og leskjermar i ulike varianter vart foreslege. Men dette var kun fotball relatert, då det viste seg å vera markørar til trening. Dei kan stå frittståande, eller på linje som i ein frisparkmur. Så om det er lite folk som stiller til ulike arrangement, er det no reservar å ta av.

Ståle Ansnes «prøver».

Publisert: 13. juli 2011, 23:10