Statens naturoppsyn felte ein jerv i samband med skadefellingsoppdrag i Trollheimen. Det skjedde i Vassdalen som ligg i Snota-massivet, og det vart bruka helikopter under oppdraget.
Lars Olav Lund i SNO – rovviltansvarleg i Møre og Romsdal – fortel til Driva, som først skreiv om saka, at det var gode sporingsforhold i puddersnø men meir krevjande over tregrensa der det var meir fokksnø. Jerven vart spora mot Todalen i retning Sula, og innover Romådalen og opp mot toppen av Snota og ned mot Vindøldalen der den vart felt i Vassdalen.
Det er tidlegare felt 2 hannjervar i Trollheimen – ein i Folldalen og ein i Todalen. Med jerven som vart felt laurdag er det no 4 jervar att av kvoten for området. – I tillegg er det felt ein jerv i Storlidalen som høyrer til ei anna sone. Lisensjakta på jerv fortsett fram til 15. februar.