Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart sesongopning i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. juni 2023

Ved midnatt onsdag 15. juni går startskotet for fiske etter laks og sjøaure i Toåa.  No er det travle tider for styret i Todalen Elveeigarlag som skal få alle detaljar på plass til fisket startar.  Styreleiar Stig Husby fortel at det er eit stort engasjement og det er nok både elveeigarar og fiskarar som gler seg til at laksefisket kjem igang.

Tove Talgø Brøndbo viser fram den nye brua som er på plass i sone 4 mellom Falløya og Stillhølen. Adkomst til elva er viktig for alle som skal fiske i Toåa denne sesongen også, fortel Tove. Foto Stig Husby

Dei siste dagane har det vore fleire dugnadslag som har vore ute og rydda langs elvekanten – i tillegg er skal det plasserast ut skilt, plakatar og info til fiskarane.  Det blir no plassert ut på plakattavler og i gapahukane langs den fiskbare strekninga frå elveosen og oppover til Storfossen.  Elles kan vi røpe at Steinutgarden blir tilgjengeleg for kortkjøparane igjen i år – det er nok ein attraktiv fiskeplass i Toåa, og er ei god nyheit for årets sesong, fortel leiar i Todalen Elveeigarlag, Stig Husby.

I tillegg er det mykje «digital» informasjon som skal på plass, og du kan lese om fisket i Toåa både på Todalen.no og på Elveguiden, der du og kjøper fiskekort. Og sjølvagt kan du her følgje med på Laksebørsen. – Vi kjem med meir info om laksefisket i Toåa etter kvart som fisket kjem i gang. 

Tre glade lakser – Stig, Tove og «Ethelbert». Foto Stig Husby

 

Publisert: 8. juni 2023, 11:18