A-laget til Søya/Todalen er godt i rute foran sesongstarten på Bordholmen 2. mai. Søndag hadde dei treningskamp mot eit ambisiøst juniorlag fra Sokndal på Amfi Park i Surnadal. Søya/Todalen vant komfortabelt 5-1 i en kamp der dei fekk vist at troppen er brei og nivået er høgt. Dette laget vil garantert ta mange poeng i 6. divisjon i år.
Laget held i år til i 6. divisjon avdeling 1, og møter blant anna Bøfjorden til to prestisjefylte oppgjør. Trykk på linken http://www.fotball.no/System-pages/Tabell/?tournamentId=13479 for å sjå dei andre laga i avdelingna.
Som sagt; første seriekamp er 2. mai på Bordholmen. Der stiller Karen og Svein også i år med verdens beste bakels med græt. Vel møtt på kamp!
Pause, med litt påfyll avbåde ord og energi.
Foto: Knut Bergli.