Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart klart for Smølatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2024

Todalen historielag og Stangvik historielag samarbeider om å arrangere tur til Smøla komande torsdag 4. juli.  Turen er så godt som utselt, og alt går etter plana melder reiseleiar John Moe til Todalen.no.  Eit par plassar er ledig dersom nokon bestemmer seg i siste liten, men da må John Moe få beskjed seinast tysdag. 

Det er beramma avreise frå Matkroken Todalen kl 7.30, og det blir presis avgang dersom vi skal nå planlagte ferjeavgangar på turen, seier John.  Yr melder om overskya vêr, men ikkje nedbør. Med temperatur mellom 15 og 20 varmegrader blir det nok fint turvêr!

Først publisert: 2. juli 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 1. juli 2024, 21:19