Laurdag 12. mai er det sesongopning av Svinviks arboret. Onsdag kveld arrangerte arboretet dugnad i lag med Surnadal hagelag for å ta den siste vårpussen før anlegget blir opna for publikum om halvanna veke. Og opninga ser ut til å være godt planlagt i høve starten på blomstringa i år. Det står no Rododendronbusker fulle av blomsterknoppar over alt, og vi kan få oppleve eit blomstingsår utan like, seier vaktmester Ola Bruset i Svinviks arboret.


I kafeteriaen var det nytt mannskap på plass. Det er Maja Frønes som er ansvarleg for kaferteriadrifta i år, og med seg har ho søstra Marit. Maja deler stillinga med jobben ho har på museet på Åsen, og ho fortel at dei stort sett vil følgje same konseptet som tidlegare. I kafeteriaen vil vi få kjøpt diverse kaker med blomsterpynt og grønne fristelser og dei vil sjølvsagt fortsette med dei populære piknik-korgene. Ho fortel også at dei allereie har mange bestillingar frå gruppereiser som vi ha omvisning og traktering i arboretet utover våren og forsommaren. Dei fleste gruppene kjem frå Trøndelag, men også frå andre stader i landet. Så no gler dei seg til å kome igang! Arboretet er i år ope frå 12. mai til 12. august, og det er ope onsdag – søndag fra 12-17. I ferietida (juli månad) er det i tillegg kveldsope på onsdagar til kl 20.


