Ein ny og spennande sesong er like rundt hjørnet for Randoneelandslaget. Vi tykkjer det er artig at Trollheimen Fjellsportklubb held stand med 3 av sine medlemar på landslaget. Erik Kårvatn blir med vidare på seniorlandslaget, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping fortsett på juniorlandslaget.

På juniorlandslaget har vi også denne sesongen 2 løparar frå Trollheimen Fjellsportklubb – Isak Drøpping (1.rad lengst til venstre) og Aron Rodal Haugen (1. rad nr 3 frå venstre). Foto NSF
Det ser ut til å bli ein aktiv randoneesesong, og da spesielt for seniorane som går inn i ein OL-kvalifiseringsperiode for OL 2026 i Milano/Cortina. – Sprint og sprintstafett er nemleg OL-grein for første gong, og vil nok få stor fokus denne sesongen.
Planane for sesongen er klare, og vi vil nok få oppleve mykje spenning med denne gjengen i løpet av sesongen som altså er like rundt hjørnet.
Landslaget senior 2024/2025:
Erik Kårvatn, Trollheimen Fjellsportklubb
Trym Dalset Lødøen, Haugen IL
Sander Engdahl, Torvikbukt IL
Ida Waldal, Hommelvik IL
Hans Inge Klette, Viljar IL
Trenere:
Ove Erik Tronvoll (hovedtrener)
Ola Hovdenak (assisterende trener)
Landslaget junior 2024/2025:
Mads Kirkreit Gjethammer, Romsdal Randoneeklubb
Aron Rodal Haugen, Trollheimen Fjellsportklubb
Elise Hjelset Andersen, Tromsø Randoneeklubb
Isak Drøpping, Trollheimen Fjellsportklubb
Hampus Mack Tronvoll, Stjørdals-Blink IL
Malin Indergård, Romsdal Randoneeklubb
Ingfrid Klokset, Romsdal Randoneeklubb
Iver Holen, Tromsø Randoneeklubb
Trener:
Torstein Vestli