Tre karar var i dag i full aksjon på Bordholmen for å anlegge skøyteis der igjen, slik som det var sist vinter. Ivar Helge Kvendset og Knut Bergli hadde starta opp grunnarbeidet i går ettermiddag, med måking av areal og påhaving av vatn med ein ordinær husslokkeslange. I dag fekk dei med seg Ivar Bolme med brannslangar og agregat, og når dei omsider fekk det kalde elvavatnet til å passere gjennom 250 meter med kald slange, gjekk det rimeleg fort å få fylt opp asfaltplassen.
Dei drogst litt undervegs, for vatnet fraus ca ein meter før utløpet av spissen. Dei klarte imidlertid å stikke hol i isproppen til slutt, slik at vatnet kom som det skulle. Banen vil bli preparert på dagtid av innleid vaktmester Gudmund I Kvendset, slik at forholda skal bli best muleg når den kan takast i bruk. Redaksjonen reknar med at dei får eit lite hint når banen er klar og ein av redaktørane kan ta ein test…
Alle foto: ElinorB