Medlemmane i Start 4H intensiverer no klubbaktiviteten fram mot årets haustfest laurdag 16. november. I går kveld var gjengen samla i Skulstuå, og planlegging av program og alt som høyrer til ein haustfest til, vart gjennomgått.
-Siste finpuss av prosjekta blir gjort heime, fortel Ragna Kvendset som saman med Line Kvendset er dei som er klubbrådgjevarar. -Etter nokre år i dette gamet ser vi i at det er mest hensiktsmessig, for levering av prosjektoppgavene er ikkje det det ein gong var, seier Ragna. -Dette er nedtona slik at det skal være overkommelig for alle. Hos oss er det viktigast å treffast og ha det kjekt i lag! Og på søgen i både første og andre etasje så stemmer dette. Ungane teiknar, skravler og kosar seg i lag.

Klubbrådgjevar Ragna Kvendset sett gutane i sving med å lage til quiz.

Nora, Line og Selma tok oppgava med dekorering av gymsalen. Her må det store plakater på metervis til for å vise fram alt det fine som klubben held på med.

For å finne egna bilder måtte naturleg vis det lokale oppslagsverket til: Todalen.no. Her var det nok av bilder å ta av til litt underhaldning. Ingebrigt fann fort bilder frå Johan si utstilling i fjor.

Kveldens høgdepunkt; felles kveldsmat og varm kakao med piska krem. På menyen sto lunka ostesmørbrød som vart borte på 1-2-3!
Plana fram mot haustfesten:
- Torsdag 14. november: felles middag rett etter skulen og siste finpuss av underhaldning og dekor.
- Fredag 15. november: Setje opp utstillingane i gymsalen og pynte til fest.
- Laurdag 16. november: HAUSTFEST kl 14.