Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart er vinteren i vente, eller?

Jon Olav Ørsal Måndag 9. september 2024

Når Ivar Magne Gravem frå Jenstad Maskin kjem med traktor og maskin for montering av vegstikker, så er det vel egentleg eit bud om at det snart er tid for vinter og snø.  Litt haustfargar har det også vorte, men det er slett ikkje temperatur som minner om haust.  Tvert imot så var temperaturen sist natt i nærleiken av tropenatt,  og i går var det «indian summer» heilt uti havgapet til Tustna.

Sjølv om det blir mykje regn i kveld så styrer Ivar magne Gravem vegstikkemaskina frå «tørt land» i førarhuset på traktoren. Foto Jon Olav Ørsal

Vi risikerer iallfall ikkje noko snøvêr denne veka, men derimot kan du nok bli mykje regn i kveld og i natt, trur Ivar Magne.  Men mest regn blir det nok på austlandet, der det meldes om regnvêr på ekstremnivå i orange fareklasse.  Iver Magne får to runder rundt bygda med vegstikkmaskina – ein tur på kvar side, og slik skal han da sette ut vegstikker over mesteparten av Nordmøre før han gir seg.

Publisert: 9. september 2024, 13:17