Når rakettane kjem i butikkhyllene er det eit sikkert tegn på at vi nærmar oss nyttår med stormskritt. Det er ikkje noko unntak på Matkroken L.Hals, der det har vore eit bra rakettsalg i romjula, så det blir nok ei skikkeleg markering av nyttåret i Todalen.
Ragnar Halle oppmodar alle til å være forsiktige når fyrverkeriet skal til værs i løpet av nokre minutt rundt midnatt på nyttårsaften. Det er viktig å ta var på både eigen og andres sikkerheit, og i tillegg må ein hugse på brannfaren.
Opningstidene ved Matkroken L. Hals i nyttårshelga er slik:
Måndag 30.12: 10-16 – (6. juledag)
Tysdag 31.12: 09-13 – nyttårsaften
Onsdag 1.1: Stengt – drivstoff på kortautomat
Torsdag 2.1: Vanleg opningstid 9-18