Laurdag morgon vart det tid for eit lite «fjordcruise» med «MS Maursund» på første avgangen frå Todalen. Turen hadde dobbel hensikt; å få ein prat med mannskapet og for å kome nærare rasstaden for å få betre bilde av helikopteret og vassbombinga som var i full gang. Var eigentleg spent på om det kom så mange bilar og passasjerar som skulle væra med at det kanskje ikkje var plass, men med 4 bilar var ikkje det noko problem.
Styrhuset var rette plassen for å ta bilde, og etablerte meg på høgre bruving med tanke på fotografering. Hos skipper Ken Bjørnar Johansen var det stor velvilje, og han gikk forbi rasstaden i sakte fart slik vi fikk fotografert litt av helikopteraktiviteten. Så gikk turen vidare til Svinvika for å sleppe av dei to bilane og ta om bord nye kjørety som skulle være med til Todalen. Det kom mellom anna ein SUV med tilhengar som skulle være med. Var da forberedt på at dette kom til å ta tid, men der tok eg feil. Det var Kjell Ola Mossing som køyrde bilen, og han rygga rett ombord utan å rette opp bilen ein einaste gong. Imponerte stort!
Todalingane har vorte veldig flinke til å rygge denne veka, gliste skipperen. Dei har nok fått eit intensivkurs i rygging, som dei også vil få nytte av seinare, mente han. For alle bilane må nemleg rygge om bord, for så å kjøre framover når dei skulle kjøre på land igjen. Mannskapet på båten har vore hjelpsame med rygging for dei som kvidde seg på rygginga, så det har ikkje oppstått nokre problem i forbindelse med lastinga.
På turen innover til Todalen igjen etterlyste eg kaffe og svele, som er vanleg på ferjene her i fylket. Fikk da prompte tilbod om tilsetting for å ta den jobben medan dei var i Todalen. Men om dei ikkje har kunna bydd på sveler, så har dei jammen teke igjen på anna service. Dei har på alle måtar lagt tilhøva til rette for at folk skulle få hjelp til transport av sine kjørety, og vore så fleksible som det går an. Det er da så enkelt at det blir løysingar, når folk vil at det skal bli!
Mannskapet på Maursund reiste på kort varsel frå Harstad. Fredag 2. august kl 13 kom dei inn frå oppdrag på Senja med eit av søsterskipa til Maursund, og var i ferd med å rydde og ordne båten etter turen. Da fikk dei beskjed om at dei skulle til Todalen, med Maursund. Kl 15 same dag var dei klare til å fyre opp Maursund og ta fatt på den 2 dagar lange turen til Todalen.
Natt til måndag kl 02 var dei framme, og fikk da hjelp av gravemaskiner til å tilpasse landgangsområda i Todalen og i Svinvika. I 08-tida var det klart for lasting av dei første bilane som skulle ut frå Todalen, og første avgang var omtrent i rute etter ruteplana.
Etterpå har det omtrent gått i eitt med transport av bilar ut og inn frå Todalen. I helga har det vore ei litt slakkare ruteplan, og laurdag ettermiddag kunne vi kvittere for turen med å ta med heile gjengen på sightseeing rundt i Todalen, medan Maursund låg til ankers ved Todalsøra.
Seinare på dagen var vi vitne til at ferjekaia kom sjøvegen inn til Todalen. Da eg konfronterte mannskapet med at dette var konkurrenten som var på veg, kom det spontant svar frå eine matrosen; ”Men vi slo dem på tida”. Og det gjorde dei grundig!
Når ferjeruta med ”MS Førdefjord” kjem i gang, er nok oppdraget slutt for ”MS Maursund”. Da står det att å takke for innsatsen, og for den hjelpa vi fikk da vi trong den som mest. Takk også for hyggeleg bekjentskap og samarbeid til dykk alle 5 frå oss i Todalen! For Maursund og mannskapet er det Svalbard og brønnboring som er neste oppdrag på programmet. Dit går turen i slutten av august.
Bildegalleri frå «fjordcruiset» med MS Maursund på Todalsfjorden sist laurdag. Alle foto: Jon Olav Ørsal