Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G-14 gjorde ein fin innsats under Norway Cup tidlegare i sommar. No er det snart tid for seriestart, og frå Ingri Bruset har vi fått tilsendt påminning og bilder som er teke av laget under Norway Cup. Ho skriv i e-posten: «Sender bilete av G14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen som var på Norway Cup. Det er tre todalingar som er med på dette samarbeidslaget. Dei hadde eit fint opphald i Oslo, og heile laget hadde det kjekt ilag såg det ut til.»
I veka som kjem startar serien opp igjen med kamp på Søyabanen torsdag 23. august.


Bak frå venstre: Trenar Ola Einar Øyen, Bjørn Ivar Ansnes, Audun Helset Halle, Tore Bergestuen og Arne Røen.
I midten frå venstre: Mads Øyen, Frikk Hauglann Talgø, Henrik Nes, Henrik Melkild, Steinar Gjeldnes, Kristoffer Brøske Nordvik og Sindre Lundquist Aune.
Første rekke: Narve Madaus, Per Sindre Ulvund, Petter Meisal Bråten, Ola Heggem Grytskog og John Jørgen Hafstad.