Snøen held enno taket, men fuglane har begynt å synge, og det er på tide å presentere årets Stikk UT! -turmål! I år er det til saman 215 turmål fordelt på 17 kommunar I Møre og Romsdal. Av desse er 98 gradert grøn, 85 blå og 32 raude. 61 av turane er trillevenlege og 59 er nye spennande turar for året. Men sjølv om vi her presenterer årets sommarprogram så minner vi om at Stikk UT! Ski -sesongen varer heilt fram til 2. påskedag, så nettsida til sommar-Stikk UT! vil ikkje vera oppe før etter den tid!
Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i fjor. I år håper vi at endå fleire blir med. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt.
Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund. For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske.
Vi kan no presentere alle turmåla i Surnadal kommune – her vil du finne både nye og gamle og vi håpar t du finn mål som passar for deg:
SURNADAL
188. Bjøråskaret, Todalen
189. Bølia, Bøfjorden
190. Haugasetra, Lykkjeeidet
191. Kleiva, Skei
192. Kristiansvarden/Skarfjellet
193. Liabekken om setervegen
194. Rundtur om Tjønnmyran
195. Storsetra, Stangvika
196. Svartvatnet, Bøverfjorden
197. Svinvikrunden, Svinvik
198. Syltnebba, Nedre Surnadal
199. Torviksetra, Torvika
Vil du ha oversikten over andre kommunar på Nordmøre og i Romsdal så kan du laste ned oversikten her.