Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart berre snøen som manglar…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. august 2014

Denne veka var det innspurt på dugnadsarbeidet på lysløypeanlegget på Tjønnmyra. No er det snart berre skiføret vi ventar på, fortel Nils Ove Bruset, som har vore prosjektleiar for byggeprosessen som har pågått sidar seinhausten 2012. Det som no står at er tilkobling av straum til lyspunkta og tilkobling til hovudnettet, og det blir gjort med det første, seier Bruset.

CIMG0889

No er alle armaturane komne på plass i lysløypeanlegget. Foto: Ola Bruset

Det er Per Gjeldnes Maskin som har hatt hovudentreprisen for anlegget, og det meste av masseflytting og grovplanering vart gjort vinteren 2012-2013. I fjorhaust vart finplaneringa gjort unna og det vart lagt kablar til straumforsyning. I sommar er det reist eit 20-tal pålar og monterert lysarmaturar. Det er bruka moderne lyskastarar med lågt energiforbruk i det nye anlegget, men Bruset lovar godt lys i løypa som no blir teken i bruk så snart det blir snøføre i løpet av seinhausten. heile prosjektet er kostnadsrekna til knappe 1 mill., og er alt fullfinansiert med tilskot, eigenkapital og dugnadsinnsats.

CIMG0893

denne veka vart det slege strek for dugnadsarbeidet på lysløypeanlegget på Tjønnmyra. Foto: Ola Bruset

Nils Ove Bruset har som sagt vore prosjektleiar for det nye lysløypeanlegget, og han rosar både grunneigarar, dugnadsgjengen og andre som har bidrege med utlån av traktorar og andre maskiner og utstyr  for godt samarbeid gjennom anleggsperioden. men sjølv om sjølve lysløypeanlegget er ferdig, vil det nok kome behov for fleire investeringar på Tjønnmyra. Det vil nok bli behov for varestue og sanitæranlegg etter kvart som økonomien tillet det.

CIMG0895

Her blir kabelen stifta fast til pålen. resten er elektrikararbeid. Foto: Ola Bruset.

 

Publisert: 8. august 2014, 21:00