Strekninga Åsbøen-Svinvik på FV614, er som kjent bevilga ny asfalt denne sommaren. I den forbindelse planlegg Mesta no å skifte ut ein del stikkrenner før ferien. -Vi planlegg å ta nokre av desse på natt. Derfor blir vegen delvis stengt natt til torsdag 27.juni og natt til fredag 28.juni, fortel prosjektleiar Kjetil Rønning i Mesta.
Utrykningskjøretøy og nødetater får passere umiddelbart. For dei andre trafikkantane kan det bli ein del venting mellom kl 00.00-06.00. Det blir også arbeid på strekninga på dagtid i ein periode framover, men da vil det bli mulighet for å passere fortløpende, fortel han.
Asfalteringa er på oppunder 4,9 km og tek til ca midten av august.