Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Snømangel og dårleg ver gir fleire avlysingar

Elinor Bolme Torsdag 1. mars 2012

Førstkommande lørdag var det meininga at Skigruppa i Todalen skulle stå for arrangering av sonerenn. Men som de ser av bildet frå tenkt målområde ved Todalen Oppvekstsenter frå i går ettermiddag er føret i dårlegaste laget. Leiar Jorid Haugen Ansnes og resten av skigruppa ser seg difor nøydd til å avlysa.

Men det er ikkje berre her i Todalen det er vanskelegheiter med å gjennomføra arrangement på snø. I følge IL Søya sine nettsider vart planlagt sonerenn i Betna forrige helg også avlyst på grunn av snømangel. Og Trollheimsporten  melder at helgas Gøk-renn ved Torshall også er avlyst grunna ver og føreforhold.

Sæterlia er no klar for åpe i helga i følge Trollheimsporten.  Dei har lagt om litt i nedre del av bakken slik at det er brukbare kjøreforhold for dei som ønsker å ta seg ein tur.

I følge yr.no sitt verkart, med søkemotor på skiføre, fare for vått føre i helga. Og på Storm.no står det å lesa: Det ventes uvanlig høy temperatur i forhold til hva som er vanlig for årstiden på dette stedet. Eller: Det ventes uvanlig mye nedbør i forhold til hva som er vanlig for årstiden på dette stedet.

Først publisert: 1. mars 2012, 21:27 - Sist oppdatert: 2. mars 2012, 14:09