Frå skulen har vi fått ein epost med bilder av forrige vekes aktiviteter i snøen. Britt skriv: Elevane på skulen var veldig glad for den nye snøen som kom for litt
sidan. Den var kram, og egna seg godt til å bygge både snøborg og andre
snøfigurar. Da dei starta opp var det meininga å få til ein iglo.
Innsatsen var stor og snøen vart bore i bøtter og spann. Men det var
vanskeleg å få til rette svingen på taket. Så det vart valgt ei opa
takløysing, og difor likna resultatet meir på ei snøborg.
Både snømenn og ulike dyr dukka etter kvart opp på skuleplassen.
Alle mann i arbeid.
Jens Olav Moe og ein annan blidspent ein 🙂
Kevin Anders Brusethaug
Marit Ingeborg Ansnes, Kevin Anders Brusethaug og Lars Melkamu Kvendset med ein pust i bakken.
Sindre Bruset, Karoline Brøndbo og Silje Øyen, tydeleg godt fornøgd med dagen.