Etter at vi i ettermiddag, med bakgrunn i ei pressemelding frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune, skreiv at det ikkje var nye tilfeller av Covid19-smitta eller at det gjekk føre seg smittesporing i kommunen, har vi no klokka 21:14 fått melding frå kommuneoverlegen om at fem personar, heimehøyrande i Surnadal kommune, er sett i karantene. Bakgrunnen for at desse er sett i karantene er smittesporing som går føre seg i Kristiansund kommune, etter at ein person der har testa positivt på Covid19.
Kommuneoverlegen understrekar at ingen av dei fem som no er sett i karantene så langt har testa positivt for Covid19-smitte. Kommunelegen følger situasjonen nøye og vil informere ytterlegare så snart det ligg føre ny informasjon. Du finn til ei kvar tid oppdatert informasjon på: Covid19 – Surnadal kommune