Natt til søndag 25. oktober er det definitivt slutt på sumartida. Når klokka når 03 skal den flyttast attover til kl 02, og dermed merkar vi nok at det blir ein time tidlegare mørkt om kveldane og samtidig litt lysare om morgonen.
Det er ofte spørsmål kva veg ein skal flytte klokka, både vår og haust. Ein heilt enkel regel er at klokka alltid skal flyttast nærmare sumaren – dermed blir det fram på våren og tilbake om hausten.