Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slutt på spretthoppar….

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. september 2014

Setningar i vegbanen er eit problem fleire plassar i bygda, men no blir det gjort noko med det på dei verste punkta. Ved Sissiå – like ved avkjøringa til småbåthana er det ei gammel stikkrenne som meir eller mindre har kollapsa, og dette har fårt til at det blir ein skikkeleg spretthopp for traktorar og vogntok med last. Ved Lauvåbrua er det også ein skikkeleg setning som skapar problem.

DSC_6432

Ved Sissiå er det ei gammel stikkrenne som er defekt og dermed skaper problem for tungtrafikken og andre. Foto: Jon Olav ørsal

Vegvesenet har no gitt Veidekke i oppdrag å reparere dette, og dei vil sette i gang så snart jobben er prosjektert og dei har kapasitet til å sette på maskiner og folk. I same veiva vil vannposten ved gammelstua på Todalsøra blir ordna. Her det kvar vinter vore problem med å få unna vatnet som kjem ned på vegen, og resultatet har vore at den gamle hals-bua har fått inn vatn i underetasjen.

DSC_6433

På todalsøra har dei leng slite med å få vatnet til å ta rette vegen. No blir dette ordna. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er eit velkjent problem at det har stått på pengar til slikt vedlikehald, men no er det altså avsett pengar til dette.  men dette er nok ein dråpe i havet, for det er mellom anna stort behov for reasfaltering både på fylkesvegen frå nordvik og innover til Todalsøra og på nordsida oppover bygda.

 

Publisert: 6. september 2014, 11:12