Dei siste dagane har sjøinsen fått hard medfart! Jon Bruset har også i dag vore ute på skitur, og har sendt oss eit bilde av restane av årets sjøis. Bildet er teke frå området ved Talgøstorhaugen idag den 17. april.
Jon lurer på kor lenge utover sjøisen har lege tidlegare. Er det nokon som kan minnast nokon dato frå tidlegare år. Det er prata om at det var rekordtilstand under krigen, og dersom vi ikkje tek feil var det vinteren 1942. Vi tek gjerne mot ein e-post dersom du har litt info om dette?