Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Slutt på Bygdekinoen?

Slutt på Bygdekinoen?

Jon Olav Ørsal Fredag 4. desember 2009

Torsdag kom eit hjartesukk frå John Moe som er husformann i Todalen ungdomshus. Om kvelden var det kino, med to forestillingar med nye og populære filmar. Status for kinobesøket var 3 solgte billetter på første forestillinga og 3 på den siste. Dette kan ikkje forsette slik, seier husformannen.
Det er no nokre år sidan siste runde med truslar om nedlegging, og det tvingar seg fram ein debatt igjen no. Det fører til alt for store kostnader og tap på kvar forestilling både for Ungdomshuset, Bygdekinoen og kommunen som har vore bidragsytar, seier John Moe.
Bygdekinoen har satt opp Todalen på speleplana for 2010 også, men John tykkjer dette må vurderast. I 2010 skal også alle kinoane i landet digitaliserast, og dette vil føre med seg ein del kostnader for Ungdomshuset. Kanskje er det rette tida for å avslutta forestillingane med Bygdekinoen i Todalen ungdomshus? Vi har kanskje nok med tilbuda frå kinoen i Kulturhuset på Skei, saman med tilbuda via alle TV-kanalane?
Kom gjerne med innspel på dette. Vi skal love spalteplass på Todalen.no,dersom du vil gjera eit innspel.

Publisert: 4. desember 2009, 19:39