Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sløkkjer FM’n ved midnatt

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2016

Ved midnatt blir FM-sendaren på Hjellnes slått av for godt! Det er over eit år tidlegare enn planlagt, og grunnen er at det er feil på sendaren. Det er Norkring som driv sendaren, og dei opplyser at det blir for kostbart å renovere sendaren berre for eit år. No blir det nok prostestar….

Rett nok er det mange som har kjøpt seg DAB-radio, men det er slett ikkje alle som er klare for å skifte over frå FM- til DAB-sendingar. Det har faktisk vore selt bilar heilt til det siste som berre kan ta i mot FM- og UM-sendingar.

DSC_7917

Frå no blir det fokus på DAB – her er «kringkastingshuset» på Hjellnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette er bør vi ikkje godta berre utan vidare, seier handelsmann Nordvik, som no vil sette i gang aksjon for å samle underskrifter. Det blir derfor lagt ut liste på Matkroken i Todalen i dag, og han håper at mange vil støtte denne aksjonen. – Men det hastar, for Norkring har hyra inn folk til å demontere utstyret i masta alt neste veke. Difor må du gje di underskrift på aksjonslista alt i dag.

– Stikk innom butikken i løpet av dagen, slik at vi får med flest muleg på denne protestaksjonen, seier Nordvik, butikken er open til 18.

 

Først publisert: 1. april 2016, 06:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2016, 10:10