Søndag 6.juni mellom klokka 12:00 – 16:00 er det sesongopning hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er førebels meldt godvêr, så da skulle alt ligge til retter for å ta søndagskaffen i Slettneset på søndag!
Det er god plass på tunet i Slettneset, så det er ikkje noko problem med handheve avstandsreglane i gjeldande smittevernreglar. Så her kan folk komme og kose seg med kaffe og nystekt bakst. I tillegg er det ein del sitteplassar i bakeriet og eldhuset for den som heller vil sitte inne for å nyte kaffen og baksten.
Så har du lyst på noko godt å bite i til kaffen, så er Slettnestet steinovnsbakeri verdt eit besøk kommande søndag mellom klokka 12:00 – 16:00!
Du kan følge Slettneset steinovnsbakeri på Slettneset steinovnsbakeri på facebook