Det er litt ujevnt med grasmengde og fôrkvalitet rundt bygda, men det er på det næraste eit normalår. Den siste veka har det vore full aktivitet og slåttonn over heile bygda. Ståle Ansnes er leiar i Todalen Bondelag, og er sjølvsagt oppteken av fôrmengde og fôrkvalitet no midt i slåttonna. Sjølv er han partner i Todalen Mjølk, og dei må ha 5000 siloballar på lager når dei når september dersom dei skal kome seg gjennom vinteren.
No som det har vore lite nedbør og mykje sol, så er det sjølvsagt tørt. Enkelte plassar har det ført til at det er lite gras, men stort sett er avlingane bra, sier Ståle Ansnes til Todalen.no. Når forholda er slik så blir det sjølvsagt lite vatn i foret, og det blir mykje gras og mykje fôr i kvar siloball. Nå det er tørt slik som no, kan det føre til at graset fort blir overmodent eller «gammelt» under slike forhold.
Enkelte i distriktet har hatt en del isbrann i år, men her i Todalen er det moderat. Todalen mjølk driftar 17-1800 dekar her i Todalen, og av det arealet er det 55 dekar som har isbrannskade. – På 600 dekar som leiges i Lykkjebygda, er det rundt 50% av arealet som har isbrannskade, så her kan det være store lokale avvik.
– Vi er faktisk 1-2 uker tidlegare ute med slåttonna i år enn kva som er normalt. Vanlegvis er det start rundt 10. juni, men i år kom avlingane tidleg, men graset er alt langt kome og blir fort gammelt i denne varmen.
Travle tider altså, og i kjølvatnet av siloslåtten blir det møkkakjøring bebuder leiar i Todalen Bondelag, Ståle Ansnes.