Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slåtten: Håvard er i gang…

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2016

I dag observerte vi den første ballpressa i fullt arbeid. Det var Håvard Halset som var første mann ut med innhausting av årets grasavling. – Det ser ut til å bli ei normalavling, seier Håvard, som skal slå og presse siloballer av i overkant av 100 mål før han er ferdig.

Håvard_0584

Onsdag kveld var Håvard i full gang med pressing av grasballar. Han skal slå over 100 mål før han gir seg. Foto: Jon Olav Ørsal

Håvard var redd for at lite nedbør skulle skade avlinga, og sjølv om det har vore litt regn det siste døgnet så månnar det lite. Det er like tørst i grunnen, seier han. Han er igang med utbygging av fjøset i nestua på Halset, og skal etter kvart få 26 mjølkekyr som han skal mette med grasballar.

Vi reknar med at det er fleire som kjem i gang med slåtten før helga og så blir det vel full guffe i neste veke.

Publisert: 8. juni 2016, 21:58