Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slåtten er så smått komen i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. mai 2025

I dag har vi observert to slåttakarra. Ola Kvendset er i gang med siloslåtten og han fortel at 1.-slåtten er «midt i laget» når det gjeld mengde. Den kalde vêrtypen vi har hatt i kombinasjon med mykje reg har gjort at graset ikkje er tidleg ute. No treng vi varme dersom vi skal få god grasvokster og gode avlingar.  

No trengs det varme skal det bli god grasvokster, seier Ola Kvendset

Ola har berre 90 mål med eng no i år.  Dette er på grunn av mykje gjenlegg – eller åker.  Men han har mykje grønfor så det skal ikkje bli noko krise, seier han.  Han reknar også med å få ein normal 1.-slått av gjenlegga når det lir utpå seinsommaren. 

Kanstslåtten kom og i gang i dag – her er det Skrøvset graving og transport som utfører arbeidet på vegne av Veidekke. Foto Jon Olav Ørsal

Elles starta også kanslåtten langs fylkesvegane i dag. Her er det Skrøvset graving og transport som gjer unna slåtten på vegne av Veidekke som har vedleikehaldet på fylkesvegane. 

Publisert: 28. mai 2025, 13:33